Job Description
50 % stilling som barne
- og ungdomsarbeidar
- f.t. ved Ålfoten oppvekstsenter, avdeling barnehage, Bremanger kommune
- Søk på stillinga
- Om stillinga
Ved Ålfoten oppvekstsenter, avdeling barnehage, er det ledig ei mellombels 50 % stilling som barne
- og ungdomsarbeidar frå . Ålfoten oppvekstsenter er eit lite oppvekstsenter med ein barnehage og ein barneskule. I barnehagen har vi ei avdeling, der barn i alderen 1-6 år går saman. Deler av stillinga er knytt til SFO, der skule og barnehage har eit tett samarbeid.
Barnehagen er i stadig utvikling og ser det som viktig å halde på den gode plattforma vi har bygd opp gjennom mange år. Vi arbeider målretta i høve språk. Barnehagane i kommunen har eit tett samarbeid med felles kommunale tiltaksmodellar innan PALS og Resultatleiing. Som satsingsområde vil vi halde fram med kompetanseutviklingsprosjektet, «Inkluderande barnehage
- og skulemiljø.» Psykisk helse, mangfald og samarbeid med heimen er hovudtema i satsinga.<...