Job Description
50% stilling som lærar
- f.t. ved Ålfoten oppvekstsenter, Bremanger kommune
- Søk på stillinga
- Om stillinga
Ved Ålfoten oppvekstsenter har vi ledig ei **50% fast stilling** som lærar, frå snarast.
Ålfoten oppvekstsenter ligg i den vesle bygda Ålfoten i Nordfjord. Ved oppvekstsenteret har vi ein barnehage, ein barneskule og SFO. Skuleåret har vi 18 elevar, og vi har ein todelt skule. I barnehagen har vi ei avdeling, der barn i alderen 1-5 år går saman. Vi har eit tett og godt samarbeid ved oppvekstsenteret.
Både barnehagen og skulen er i stadig utvikling medan vi held på den stødige og gode plattforma vi har bygd opp gjennom mange år. Hausten 2011 starta vi arbeidet med PALS. I dette prosjektet har vi fokus på å utvikle eit trygt og godt læringsmiljø for alle gjennom å byggje ein felles positiv, sosial kultur. Barnehagane og skulane i Bremanger kommune har også arbeidd med satsinga; «Inkluderande barnehage
- og skulemiljø» i mange år. Psykisk helse, mangfald og ...