Job Description
Om stillinga- Ønsker du nye utfordringar? Vi har ledig fast stilling som assisterande seksjonsleiar ved Kronstad allmenn døgn. Vi kan tilby deg ein spennande jobb i eit positivt, aktivt og målretta fagmiljø, der du kan få nytte den faglege og leiarmessige/administrative kompetansen du har tileigna deg.
Kronstad Allmenn døgnbehandling tilbyr korte målretta opphald akutt og elektivt. Hovudoppgåvene våre er vurdering, diagnostisering og behandling av pasientar med ulike psykiske lidingar, inkludert rusproblem. Behandlinga er individuelt utforma, men kan innehalde: utgreiing av diagnose og funksjonsnivå, medikasjon, ECT (som blir utført av avdeling for psykosomatikk), samtalebehandling, miljøterapi, fysisk aktivitet, sosionomtenester og oppfølging frå fysioterapeut. DPS har ansvar for sentrumsregionen i Bergen (bydelane Bergenhus, Årstad og Ytrebygda). Vi har fokus på etablering av kontakt med ettervern og har tett samarbeid med fastlegar, kommunehelsetenesta, psykiatrisk klinikk og and...