Me søkjer etter 100% Avdelingsleiar for fellesfag, studiespesialisering og påbygg
Personalet på avdelinga er prega av høg kompetanse og stor breidde i fagområde. Avdelingsleiar skal sørge for at dei skal ha gode arbeidsvilkår og den naudsynte støtta for å kunne utføre opplæringsoppdraget. Avdelingsleiar skal jobbe etter skulen sin visjon; Alle kan - me hjelper deg fram, og ved hjelp av utviklingsarbeid og samhandling i ulike profesjonsfellesskap legge til rette for at skulen når Telemark fylkeskommune sine mål om auka læringsutbytte, auka gjennomføring med planlagt kompetanse og auka livsmeistring.
Til stillinga ligg det personalansvar for ca 20 personar. Tyngda i arbeidsoppgåvene går med til å utarbeide planar og tilrettelegge skuleåret ved hjelp av det skuleadministrative systemet InSchool, mykje i samhandling med leiarteamet. Med til arbeidet høyrer også rettleiing av elevar i val av fag, og oppbygging av vitnemål og kompetansebevis.
Ansvaret for alle eksa...