Job Description
Om stillinga
**Er du framoverlent, intressert i tverrfagleg samarbeid og kompleksitet, har stort pågangsmot og eit ønskje om utvikling?**
**Då er dette stillinga for deg!**
I Ørsta kommune er det ledig fast stilling som avdelingsleiar i kommunalområde Helse, omsorg og velferd, med f.t. Korttidsavdelinga som tenestestad.
Korttidsavdelinga er ein viktig del av helsetenestene i kommunen og tilbyr tverrfagleg behandling, rehabilitering, avklaring og lindrande behandling for pasientar med behov for kortvarig opphald. Vi har fokus på høg kvalitet, pasienttryggleik og gode pasientforløp. Vi har god dekning med sjukepleiarar, og eit godt fagmiljø. Vi samarbeider nært med andre faggrupper i kommunen og har eigen fysioterapiressurs knytt til avdelinga.
Korttidsavdelinga driv kommunen sitt augneblikkleg hjelp tilbod til pasientar som treng det. Vi har ein variert kvardag der det kan vere behov for at vi utfører til dels avansert og teknisk sjukepleie. Korttidsavdelinga har 16 rom.<...