Job Description
Sogndal kommune
**Driftsoperatørar, bygg og utleigebustadar**:
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
(To faste stillingar, 100 %)
Vil du ha ein praktisk jobb der du jobbar med bygg, utstyr og menneske i kvardagen?
Me søkjer to driftsoperatørar som skal vere bindeledd mellom utleigebustadane, hjelpemiddelsentralen og teknisk drift. Du får ein variert arbeidsdag med både praktiske oppgåver og kontakt med innbyggjarar.
Arbeidsstaden er hovudsakleg Sogndal, men du må rekne med oppdrag i heile kommunen ved behov.
**Kva du skal jobbe med**:
Hovudtyngda av arbeidet er knytt til utleige og drift av kommunale bustadar.
**Utleigebustadar**
Du hjelper til ved inn
- og utflytting, er kontaktpunkt for leigetakarar i praktiske spørsmål og utfører førefallande vedlikehald inne og ute. Du deltek i oppussing mellom leigeforhold og samarbeider tett med einingane som tildeler bustadane.
**Hjelpemiddel**:
Du køyrer ut hjelpemiddel til innbyggjarar og bidreg m...