🌿 Back to all jobs
🥝 Fast Helgestilling
Haukeland Universitetssjukehus | bergen, Norway | Posted June 25, 2026
Job Description
Om stillinga
Avdeling Stemningslidingar tilbyr spesialisert utgreiing og behandling på sjukehusnivå til pasientar med stemningslidingar. Målgruppa er pasientar med bipolare lidingar, alvorleg depresjon, affektive psykosar og blandingstilstandar. Avdelinga tilbyr tverrfagleg behandling som blir individuelt tilpassa den einskilde pasient.
Avdeling Stemninglidingar har to døgnseksjonar med totalt 23 døgnplassar. S1 er ein av dei to døgnseksjonane med 8 er ordinære døgnplassar og 3 psykiatriske intensivplassar.
Vi har ledig fast helgestilling som assistent psykiatri. På S1 arbeider vi for at pasientane skal føle seg trygge og ivaretatt her hos oss. Vi er stolte av å vere fleksible slik at vi får til god og individuelt tilpassa behandling til våre pasientar.
**S1 har eit godt og fagleg arbeidsmiljø, og søker deg som ønsker å bidra og ta del i å oppretthalde dette.**
Fast helgestilling inneber arbeid i todelt turnus på 16 helger per år. For å oppretthalde samansettinga i perso...