Job Description
UiB - Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie
- og arbeidsplass.
Førsteamanuensis
Ved Det medisinske fakultet er det ledig ei åremålsstilling stilling som førsteamanuensis eller universitetslektor (20 % ekstraerverv) innan fagfeltet medisinsk
- og helsefagleg pedagogikk, i 3 år frå tilsetjing. Ekstraervervet er knytt til fast relevant hovudstilling (minimum 50 %) utanfor universitetet i Bergen. Arbeidsstad er ved Eining for læring i Bergen.
Eining for læring er ei fagleg eining med vitskapleg tilsette som har oppgåver knytt til utdanningsfagleg kompetanseheving av anna vitskapeleg personell ved fakultetet samt forsking innanfor det medisinsk-pedagogiske fagfeltet. Eininga har no 2,7 årsverk fordelt på 4 tilsette i faste og mellombelse stilling...