🌿 Back to all jobs
🥝 Geoteknikar
Statens vegvesen | bergen, Norway | Posted June 20, 2026
Job Description
Om stillinga
Me treng geoteknikarar for å realisera nye prosjekt i Divisjon Utbygging!
Statens vegvesen er blant Noregs største byggherrar. Me har ansvar for nokre av dei største og mest komplekse samferdselsprosjekta i landet. Oppgåva vår er å sørgja for at me utviklar samfunnet vårt gjennom å skapa trygge, effektive og berekraftige transportløysingar som får folk og varer fram. Då treng me flinke folk.
Stillinga som geoteknikar høyrer heime i Geofagseksjonen i Divisjon Utbygging. Som geoteknikar i Statens vegvesen vil du få eit unikt høve til å følgja store utbyggingsprosjekt gjennom fleire fasar.
Du vil få ansvar for at prosjekt blir planlagde, utførte og kontrollerte i samsvar med gjeldande standardar og retningslinjer innan fagområdet. Du planlegg, følgjer opp og rapporterer grunnundersøkingar. Du utfører geoteknisk planlegging og prosjektering.
Avklaring av skredfare og planlegging av sikringstiltak mot jord-/kvikkleire-/flaumskred vil vera relevante oppgåver i ein...