Om stillingen
Søre Sunnmøre Reinhaldsverk IKS ser etter GJENVINNINGSOPERATØR i 100% stilling. SSR har ledig ei allsidig stilling som gjenvinningsoperatør. Vi ser etter deg som er klar for ein aktiv arbeidskvardag og trivst med å veksle mellom ulike oppgåver, både ute på bil og inne på miljøstasjon.
Du får desse oppgåvene:
- Arbeid på SSR sine miljøstasjonar og anlegg, med ein del seinvakter
- Renovatør på renovasjonsbil
- Ettersortering av enkelte avfallsfraksjonar
- Yte god rettleiing og service til kundar
- Arbeidsoppgåver kan bli endra over tid
Du har desse kvalifikasjonane:
- Fagbrev i gjenvinningsfaget er ønskeleg, men ikkje eit krav. SSR kan legge til rette for at du får ta fagbrev i gjenvinningsfaget.
- Førarkort klasse B. Truckførarbevis er eit pluss
- Må uttrykke deg godt på norsk, både munnleg og skriftleg
- Interesse og engasjement for berekraftig avfallshandtering