Job Description
Om stillinga
Vi jobbar med spennande og omfattande vegprosjekt - og søkjer no grunnborar til teamet vårt i Nord. Som grunnborar blir du ein sentral del av laget, og opererer boreriggen for å undersøkje grunnforhold i samband med planlegging, bygging og vedlikehald av veg.
Grunnboringsriggane våre opererer over heile landet, men er som regel knytt til sine faste geografiske område: Nord, Midt, Vest og Sørøst. Ved behov kan riggane flyttast til andre område. Denne stillinga er tilknytt grunnboringslaget i område Nord, men det kan bli aktuelt å bli knytt til andre geografiske område dersom oppdragsmengda endrar seg.
Arbeidsstad: Fauske Trafikkstasjon, Nordkjosbotn Laboratorium eller ein av våre andre kontorstader i område Nord.
For grunnborarar i nord vil stillinga innebere skiftordning.
Karoline RageArbeidsoppgåver
Som grunnborar skal du løyse følgjande arbeidsoppgåver:
- Utføre grunnboring, inkludert sonderingar, in situ målingar og prøvetaking i lausmassar
- Pla...