Job Description
Om stillinga
Er du jordmorstudent og ønsker jobb ved sida av studiet? Då er dette stillinga for deg. Vi søker nå jordmorstudentar som har lyst til å jobbe saman med oss. Både 1 års studentar og 2 års studentar.
Litt om Fødeavdelinga:
Vi har tre fødeeiningar på Kvinneklinikken: Føde AB, Føde B og Føde D Storken. Føde AB har ansvar for risikofødande og deira barseltid, samt gravide som blir innlagd i svangerskapet. Føde C er ei kombinert eining og ivaretar fødande i eit mellom-risikonivå. Føde D Storken er ei kombinert lavrisiko føde-barseleining.
Ved Svangerskap og barselpoliklinikk har vi poliklinisk oppfølging for kvinner som får komplikasjonar i svangerskapet, samt barseloppfølging. Alle seksjonane samarbeider tett for å løyse bemanningsufordringar i fellesskap.
Fødeavdelinga er såleis ein spennande arbeidsstad for jordmorstudentar. Vi treng helgestillingar frå august 2025. Det vil vere 3-delt turnus, med arbeid på helg og høgtidsdagar.
- Nøkkelinformasjon
- Søkn...