Det er ledig 100 % fast stilling som helsesjukepleiar ved helsestasjonen. I tillegg kan det bli ledig eit vikariat i 100 % stilling frå august. Oppgi i søknaden om begge er aktuelle for deg eller ikkje.
Helsestasjonen er organisert i eining Barn, familie og helse saman med barnevern, tenesta for psykisk helsearbeid for barn, unge og familiar, fysio- og ergoterapitenesta, flykkingtenesta og legetenesta. Det er lagt stor vekt på samarbeid med dei andre tenestane i kommunen.
Det er krav om politiattest av ny dato. I tillegg til formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga vektlagt. Dokumentasjon på utdanning skal sendast i lag med søknaden.