Job Description
Integrasjon, Helse Vest IKT
- Om stillinga
**Vil du bidra til at helsevesenet blir enklare for pasientar, legar og sjukepleiarar gjennom digitalisering? Er du nyutdanna og klar for di første utfordring, eller har du hatt eit par år i arbeidslivet - då er det deg vi vil høyre frå.**
Hos oss får du jobbe i eit stort, tverrfagleg miljø med eit inspirerande samfunnsoppdrag. Fokuset ditt vil vere på integrasjonar og integrasjonsarkitektur, og behovet for samhandling mellom ulike system. Du vil få ein kvardag med mange utfordingar, mykje læring og rom for fagleg og personleg utvikling i stillinga som integrasjonsarkitekt.
Helse Vest IKT har etablert eit integrasjonssenter med eit samla ansvar for koordinering, leveranse og forvaltning av integrasjonsløysingane, og er med sine 41 kunnskapsrike medarbeidarar eit viktig og etterspurt kompetansesenter i helsesektoren.
Helse Vest har eit av dei mest komplekse systemlandskapa på Vestlandet. Datasystem i helsevesenet har dei siste år...