Job Description
Om stillinga
Postoperativ Glasblokkene er ein del av kirurgisk serviceklinikk (KSK), som er ein av dei større klinikkane ved Haukeland universitetssjukehus. KSK har medansvar for varierte og høgspesialiserte tenester knytt til akuttmedisin, intensivmedisin og operasjonsverksemd, samt smerte behandling og palliasjon. Klinikken har stor undervisnings
- og forskingsaktivitet. KSK er delt i sju avdelingar, der ei av avdelingane er Intensive
- og postoperativ avdeling (IPA) med fire seksjonar. Kvar seksjon er leia av ein seksjonsleiar med personal
- og resultatansvar.
Postoperativ Glasblokkene er ein ny seksjon med oppstart i november 2023. Vi er ein seksjon med fag
- og overvakingskompetanse innanfor gynekologi, obstetrikk, barnekirurgi, endokrinologi og augeoperasjonar. Vi er lokalisert over 2 etasjar i Glasblokkene. Ein etasje med hovudsakleg vaksne. Her er det etablert Kirurgisk Mottak i avdelinga, der vi tar i mot dei fleste vaksne pasientar som skal til heildøgnskiru...