Har du lyst på ein spanande, givande og fagleg utfordrande jobb? Då er du velkomen til oss som jordmor ved Sjøkehuset Nordmøre og Romsdal, SNR.
Vi har ledig 2 vikariat som jordmor med oppstart frå snarast, varigheit 1 år.
Føde/barsel SNR har årlig i overkant av 700 fødsler, og her er stor aktivitet. Vi har eit godt arbeidsmiljø og eit godt tverrfagleg samarbeid. Vi har akkurat flytta inn i eit nytt, topp moderne fellessjukehus på Hjelset.
Sjukehuset SNR er eit av tre sjukehus i Helse Møre og Romsdal. Seksjonen er plassert i Avdeling for kirurgi og føde, og er ein kombinert sengepost for føde og barsel. Vi er sertifisert som ei mor/barn vennleg avdeling (sist re-sertifisert i 2021), og arbeider etter retningslinene som ligg i Eit trygt fødetilbod. Vi tilbyr ein-til-ein omsorg i aktiv fødsel, og tett oppfølging og ammerettleiing under barselopphaldet. Vi har kun familierom slik at begge foreldre kan bu saman under barseltida. Av smertelindring under ...