🌿 Back to all jobs

🥝 Jurist – ND-program med domstolskontroll, Molde

Kriminalomsorgen | molde, Norway | Posted June 07, 2026

Job Description

Om stillinga

Møre og Romsdal friomsorgskontor inngår i Kriminalomsorga region vest. Region vest med regionkontor i Bergen omfattar både Vestland fylke og Møre og Romsdal fylke. I Møre og Romsdal er det tre einingar, to fengsel og eit friomsorgskontor. Møre og Romsdal friomsorgskontor har 26 tilsette, med hovudkontor i Molde, og underkontor i Ålesund og Kristiansund. Arbeidet i kriminalomsorga er utfordrande og vi legg vekt på å ha eit godt fagleg og stimulerande arbeidsmiljø.

Vi skal tilsette jurist i 100% fast stilling som mellom anna har ansvaret for ND-saker i Møre og Romsdal. ND står for narkotikaprogram med domstolskontroll (ND), og er ein betinga dom på vilkår for rusavhengige som vert dømde for kriminalitet knytt til rusavhengigheit. Narkotikaprogrammet er eit individuelt tilpassa rehabiliteringsprogram som inneheld mange ulike tiltak. Målsetjinga er å førebyggje ny kriminalitet, fremje domfelte si rehabilitering, samt styrkje og samordne dei praktiske hj...

Apply for This Position

Submit Application