Mikrobiologisk avdeling har om lag 120 tilsette, og er mellom dei største mikrobiologiske avdelingane i landet. Avdelinga har ansvar for mikrobiologisk diagnostikk i Helse Bergen og omliggjande kommunar. Avdelinga har seksjonar for prøvemottak, virologi, bakteriologi, molekylærbiologi og medieproduksjon. Ved avdelinga er det 7 overlegar, 2 professorar som arbeider som overlegar i bistilling, og 5 LIS.
Vi har no ledig vikarstilling som lege i spesialisering (LIS) i medisinsk mikrobiologi. Oppstartsdato 1. oktober eller etter nærare avtale. Vikariatet kan tene som del av spesialistutdanninga.