🌿 Back to all jobs

🥝 Lege i spesialisering innan psykiatri

Geir Magne Nødtvedt | kristiansund, Norway | Posted June 26, 2026

Job Description

Vi har ledig ei fast stilling og eit vikariat - ved DPS Kristiansund poliklinikk.

Poliklinikken tilbyr utgreiing og behandling til personar som har moderate til alvorlege psykiske lidingar. Behandlingen kan vere ulike former for samtaleterapi individuelt eller i grupper, og eventuelt medikamentell behandling. Poliklinikken har mellom anna kompetanse innan psykodynamisk terapi, kognitiv terapi, EMDR behandling, korttids- og langtids gruppebehandling og medikamentell behandling.

LIS jobbar sjølvstendig med eigne utgreiing og behandlingsforløp. Det gis vekentleg rettleiing av spesialist i psykiatri i tillegg til fortløpande drøftingsmoglegheit. LIS er tilknytta eit team med tverrfagleg kompetanse der ein møtast vekentleg til drøftingar.

Om ønskeleg kan tilpassa arbeidstid diskuterast.

For LIS3 er det ei rotasjonsordning med dei ulike seksjonane i Molde slik at LIS3 får gjennomført heile spesialistutdanninga lokalt. Det er fokus på å gi LIS...

Apply for This Position

Submit Application