NOV Inc. | førde, Norway | Posted June 16, 2026
Job Description
**VI SØKAR MEKANIKARAR**
NOV / HELLENES er ei kompetanseverksemd innan automasjon, elektro og mekanisk. Vi leverer separasjonsanlegg for boreslam til oljenæring Offshore og Onshore globalt, etter eige patent. Produktet blir engineert, produsert og testa hos oss, klart til drift for kunde i ein global marknad. Teknologien vår bidreg til betre energiutnytting og lågare belastning på miljø. Vi er ISO-sertifisert iht 9001, 14001 og 45001.
Hellenes AS er blitt oppkjøpt av NOV som er et globalt selskap i energibransjen. Vi har derfor spennande tider i møte med økt aktivitet og produksjonen skal opp. Har du lyst til å vere med på reisa?
Hos NOV / Hellenes AS vil du bli en del av eit tverrfagleg team der samarbeid og kvalitet står i høgsetet. Du får arbeide med innovative produkt, og du vil få utvikle deg fagleg.
Vi ser etter nokon med god arbeidskapasitet, som trivast med å jobbe både sjølvstendig og saman med andre.
Vi tilbyr eit godt arbeidsmiljø, med gode vilkår og ordningar...