🌿 Back to all jobs

🥝 Miljøterapeut Ved La-senteret

Stad kommune | nordfjordeid, Norway | Posted June 30, 2026

Job Description

Stad kommune har ledig vikariat som miljøterapeut ved Lærings
- og aktivitetssenteret (LA-senteret) på Nordfjordeid. 100 % stilling i eitt år frå . Vikariatet kan bli forlenga.
Målet til kommunen er å samordne aktivitetstilbod med låg terskel for deltaking for fleire brukargrupper i alderen 18-67 år som er utanfor det ordinære arbeidslivet. LA-senteret høyrer til i LA-bygget på Langeland, Nordfjordeid. Senteret deler lokale med eininga Opplæring og integrering i Stad kommune, og med attføringsverksemda Movia. LA-senteret er organisert under eininga Bu
- og miljøtenesta i Stad kommune.
Vi søkjer etter ein person som saman med leiar og andre kollegaer kan vidareføre og utvikle LA-senteret som ein arena for aktivitet og læring for brukarar med ulik kompetanse, interesser, ønske og behov for bistand og rettleiing. Senteret skal fremje trivsel, sosialt fellesskap, tryggleik, respekt og meistring og samarbeide tett om desse målsetjingane med tenestemottakarane, pårørande, frivil...

Apply for This Position

Submit Application