Job Description
I ei nyoppretta rolle ser vi no etter deg som kan styrke og vidareutvikle arbeidet med å sikre gode opplevingar for alle medlemmane våre.
**Om rolla**
Hovudansvaret i denne heiltidsstillinga er dagleg drift av fotballgruppa. Vi skal vere ein positiv og inkluderande klubb der alle finn sin plass, uavhengig av nivå. Det er derfor viktig å etablere gode standardar for korleis vi tar i vare både spelarar, trenarteam og støtteapparat. Vi har eit tydeleg samfunnsansvar som vi tar på alvor.
Den som har denne rolla, skal også vere pådrivar og primus motor for inntektsbringande aktivitet, og leie arbeidet med større arrangement. Dette er ei særleg uavhengig stilling, der det vert gitt stor tillit og fridom, med klare krav til sjølvstende og god struktur. Det må påreknast noko ettermiddags
- og kveldsarbeid.
**Viktige arbeidsoppgåver er**
trygg dagleg drift og administrasjon
leie sportsleg utvikling og vidareutvikling som kvalitetsklubb
primus motor for arrangement og inn...