Job Description
Fjord1 - Prosjektavdeling, Fjord1 AS
Strandavegen 15, 6905 Florø, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Prosjektleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Søk senest søndag 15. juni
Fjord1 er ein verdsleiande pioner i det grøne skiftet. Over halvparten av fartøya våre er elektriske, og no står vi i spissen for å utvikle verdas første sjølvgåande ferjer. Vi bygg framtidas ferjedrift - saman, med stø kurs, fagleg styrke og verdiane våre i ryggen. Med visjonen om å vere best på miljøvennleg og påliteleg transport, tek vi eit stort ansvar for morgondagens løysingar på fjordane våre.
Fjord1 er allereie godt i gang med det største ferjeløftet gjennom tidene. I dei fleste anbodskonkurransar som blir lyst ut i dag, er miljøkrava skjerpa - med klare forventningar til null
- og lågutsleppsteknologi. Med ei rekkje nybygg og nyvinningar har vi sikra oss ein leiande posisjo...