Job Description
Om stillinga
Vil du vere ein del av eit sterkt fagmiljø der samarbeid, presisjon og pasienttryggleik står i sentrum?
Hovud/hals-seksjonen er ein av tre seksjonar i sentraloperasjonseininga ved Haukeland universitetssjukehus, og er ein del av Kirurgisk serviceklinikk (KSK) som er den største somatiske klinikken i føretaket med om lag 1200 tilsette. KSK har ansvar for store deler av tilbodet innan operasjon, anestesi, intensivbehandling og traumemedisin på sjukehuset.
Hovud/hals-seksjonen er ein aktiv og fagleg utfordrande arbeidsplass, med fagfelta Nevrokirurgi og ØNH/kjeve kirurgi. Det er 45,5 årsverk for spesialsjukepleiarar til seksjonen, herunder 25 årsverk som operasjonssjukepleiar. Desse bemannar saman med anestesisjukepleiarar og anestesilegar, 5-6 operasjonsstover på dagtid, og ØH-stove på kveld, natt og helg. Både operasjonssjuepleiar og anestesisjukepleiar hos oss inngår i traumeteamet ved mottak av traumepasientar til sjukehuset.
**Vi har ledig 100% fast stilling ...