🌿 Back to all jobs

🥝 Overingeniør/senioringeniør Ved Institutt for Global Helse Og Samfunnsmedisin

Universitetet i Bergen | bergen, Norway | Posted June 25, 2026

Job Description

Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Overingeniør/senioringeniør
Ved Det medisinske fakultet, Institutt for global helse og samfunnsmedisin, er det ledig 1-2 faste stillingar (100 %) som overingeniør eller senioringeniør (statistikar/bioinformatikar) knytt til Kjernefasilitet i Biostatistikk og Dataanalyse (BIOS).
BIOS er ein av sju kjernefasilitetar ved Det medisinske fakultet ved Universitetet i Bergen som er etablert for å oppnå best mogleg kvalitet på forsking basert på tilgjengelege ressursar. Hovudoppgåva til BIOS er å hjelpe forskarar internt ved Universitetet i Bergen og andre forskingsinstitusjonar med biostatistisk og bioinformatisk prosjektstøtte.
BIOS er ein del av fagområde for epidemiologi og medisinsk statistikk (EPISTAT) ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin...

Apply for This Position

Submit Application