Job Description
Om stillinga
- Måseide barnehage har ledig 100% fast stilling som pedagogisk leiar frå
Måseide barnehage er ein 4-avdelings barnehage, som ligg lunt og skjerma til på same tomt som gamle Måseide skule i Mauseidvåg. Vi har gapahuk og grue på uteområdet vårt, i tillegg til turmoglegheiter i nærmiljøet - tilpassa ulike behov. Uteområdet vårt vart oppgradert for få år sidan med nye leikeapparat.
Vi har to småbarns
- og to storbarnsavdelingar. Der er eit godt og tett samarbeid mellom alle avdelingane.
Barnehagen sin visjon, verdiar, pedagogiske målsettingar og satsingsområde ser vi på som vår misjon - vårt oppdrag som skal stadfeste kven vi er til for, kva vi skal bidra med og kva vi skal bidra til.
Vårt pedagogiske grunnsyn tek utgangspunkt i ein autoritativ vaksenstil, som blir framheva som den beste i møte med barn, og er derfor den Sula kommune ønskjer skal kjenneteikne alle tilsette i heile oppvekstsektoren.
Vår visjon: Tryggheit - meistring - og gode opplevingar...