UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Ved Institutt for informatikk er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i algoritmar og ekstremal kombinatorikk. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning). Stillinga er knytt til finansiering frå NFR-prosjektet “From Extremal Combinatorics to Algorithms and Back”.
Dette prosjektet bygger bru mellom to grunnleggande fagområde innan informatikk og matematikk: algoritmeteori og ekstremal kombinatorikk. Ved å integrere desse områda, har prosjektet som mål å utvikle nyskapande berekningsteknikkar og teoretiske i...