Job Description
**Om stillinga**:
**Bli ein del av sjukehuset si pulsåre!**
Likar du å vere i farta, hjelpe folk og ha ein jobb der innsatsen din betyr noko - kvar dag? Som portørlærling er du med på å få sjukehuset til å gå rundt. Du knyter avdelingane saman, sørgjer for trygg pasienttransport og flyttar utstyr dit det trengst. Jobben passar for deg som er praktisk, roleg under press og trivst med ansvar.
Portøravdelinga er sjukehuset si transport
- og logistikktjeneste. Vi jobbar tett med akuttmottak, operasjonsstover, sengepostar, laboratorium og røntgen. Her er tempoet variert: Nokre oppdrag er planlagde, andre hastar. Felles for alle er at dei krev samarbeid, presisjon og eit vennleg møte med pasientar og kollegaer.
Hos oss jobbar portørar både i turnus og på dagtid, med ein variert arbeidsdag og meiningsfullt arbeid. Som portørlærling vil du vere med portørane våre på å ta imot luftambulanse, bistå ved brann, delta i hjartestans
- og traumeteam og vere med på å ivareta trygglei...