Har du pågangsmot og engasjement? Ønskjer du å gjere ein skilnad? Kanskje trivst du i tillegg med stor variasjon i arbeidsoppgåver? Då kan jobb hjå oss vere akkurat den jobben du ser etter!
Teamet du kan bli ein del av består av skikkeleg flinke og trivelege folk. Til saman har vi ansvar for sjukefråværsoppfølginga for Nav region Sunnfjord. Vi er spreidd på fleire lokasjoner – og vi treng deg som kan jobbe i Høyanger og omegn.
Avdelinga vår jobbar tverrfagleg; det vil seie at vi jobber saman med alle Nav-kontora i regionen i tillegg til at vi samarbeider med arbeidsgjevarar, helseapparat og mange andre samarbeidspartar. Vi har høgt arbeidstempo og endå høgre trivselsfaktor, spesielt om du liker å jobbe effektivt, sjølvstendig og strukturert. Har du stor interesse for fagfeltet innan sjukefråværsoppfølging, så kan vi tilby deg god opplæring frå eit godt fagmiljø kor interesa di kan blomstre ytterlegare.
Nav Sunnfjord og Ytre Sogn er felles Nav-kontor for ko...