Job Description
Om stillinga
Vil du vere med og skapa gode liv for menneske som står i krevjande livssituasjonar? I avdeling for Psykisk helse og rus i Sveio kommune får du høve til å jobbe tett på brukarar, saman med eit lite, men tverrfagleg sterkt miljø som brenn for faget. Vi er totalt 5,7 årsverk, inkludert avdelingsleiar, noko som gjev korte veger, tett samarbeid og ei arbeidsform der alle blir sett og høyrt.
Som ruskonsulent hos oss blir du ein viktig del av eit tverrfagleg team som jobbar med førebygging, behandling og oppfølging. Vi har fast grupperettleiing med kommunepsykolog, noko som gir både fagleg tryggleik og gode rom for refleksjon og utvikling.
I avdelinga legg vi stor vekt på relasjonsbygging, tidleg innsats og heilskapleg støtte - og du vil få moglegheit til å påverka både fagretning og arbeidsform i ei avdeling som verdset initiativ, samarbeid og fagleg nysgjerrigheit.
Er du engasjert, løysingsorientert og opptatt av kvalitet i tenestene? Då håpar vi nettopp du vil bli...