🌿 Back to all jobs

🥝 Samfunnskontakt (Rådgjevar)

Universitetet i Bergen | bergen, Norway | Posted June 27, 2026

Job Description

Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie
- og arbeidsplass.-
- Samfunnskontakt / kommunikasjonsmedarbeidar
Ved det samfunnsvitskaplege fakultet, Universitetet i Bergen, er det ledig ei fast stilling som samfunnskontakt for den nye nasjonale samfunnsvitskaplege infrastrukturen for forsking på demokrati og styresett (KODEM, Koordinerte onlinepaneler for forsking på demokrati og styresett).
Vi søkjer kandidatar som ønskjer å arbeide i skjeringsfeltet mellom vitskap og demokrati og som har erfaring med og/eller utdanningsbakgrunn frå arbeid med politikk, forvaltning og/eller media og journalistikk. Som del av ei gruppe med teknisk-administrativt og vitskapeleg tilsette vil den tilsette samarbeide med leiande samfunnsvitskaplege miljø ved ti konsortiei...

Apply for This Position

Submit Application