Job Description
**Om stillinga**
Artsdatabanken søkjer no etter ein økolog i fast 100 % stilling til Seksjon for artskunnskap.
Du vil bli en del av teamet som utarbeider den nye Raudlista for artar, med lansering i 2027. Du får være med på alle fasane i å lage ei raudliste, og du vil bidra med å gjere innhaldet tilgjengeleg og kjent for ulike brukargrupper.
Du får vere med oss i alle fasane for å sette saman den nye Raudlista for artar fram til lansering. Norsk raudliste for artar er ein oversikt over artar som har risiko for å døy ut frå Noreg. Raudlista er utarbeida av Artsdatabanken i samarbeid med fagekspertar frå mange ulike institusjonar. Over 23 000 arter blir vurdert etter ein metode utvikla av den Internasjonale naturvernunionen IUCN, og Raudlista er dermed den einaste oversikten som dekkjer alle artsgrupper. Lista gjev eit representativt bilde av artenes tilstand og utvikling i alle naturtypar og eit viktig grunnlag for ein kunnskapsbasert forvaltning av artar. Les meir om vårt arbe...