Job Description
UiB - Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Stipendiat i akustikk
Ved Institutt for fysikk og teknologi er det ledig ei stilling som ph.d.stipendiat i akustikk. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning). Ønska startdato er innan september 2025. Stillinga er finansiert av Universitetet i Bergen som del av SFI Smart Ocean, eit senter for forskingsdriven innovasjon. Stipendiaten vil arbeide under rettleiing frå Universitetet i Bergen og Odfjell Technology, Bergen, og vil ha arbeidsstad hos begge.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
Ph.d.prosjektet har arbeidstittel Wideband Methods for Complex Acoustic Waveguides (breibands-metodar for komplekse akustiske bølgjeleiarar). Dette er ei flott mogelegheit...