🌿 Back to all jobs
🥝 Teknisk Applikasjonsforvalter
Helse Vest IKT | bergen, Norway | Posted June 19, 2026
Job Description
Tjenesteproduksjon, Helse Vest IKT
- Om stillinga
- Helse Vest IKT forvaltar om lag 1500 system. Mange av desse har stor samfunnsmessig betydning for pasientbehandlinga i Helse Vest. Vi søker no etter ein ny og engasjert medarbeidar til vår 3. linje innan applikasjonsdrift. Den ledige stillinga er innanfor operasjonssystemar. Om du er ansvarsfull og ønskjer ein meiningsfull jobb der du er med på å betre pasientbehandlinga på Vestlandet gjennom digitale tenester, kan det vere nettopp deg vi ser etter.
Seksjon for applikasjonsdrift består i dag av 32 medarbeidarar med driftsansvar for dei 500 største og mest kritiske applikasjonane i Helse Vest. Blant desse applikasjonane finn vi ulike system som understøttar heile pasientforløpet frå ein ringer ambulanse til ein blir skriven ut att frå sjukehuset. I tillegg driftar vi underliggande tenester som er naudsynte for stabil og sikker drift, samt administrative system som er naudsynte for føretaka på organisatorisk nivå.
Denne stor...