Job Description
**Vi søkjer ein ansvarleg morgonfugl til opningsvakter i helg (18+)!**
**_ Det vi treng no, er to nye kollegaer og lagspelarar._**
Vi ser etter ein vaksen, effektiv og påliteleg person som kan opne stasjonen annakvar helg og som:
- Blir motivert av å levere topp service til alle som besøker stasjonen, og tek det som ein sport å bite tennene saman og smile sjølv når kunden klagar på rekesalaten for tredje gong
- Held hovudet kaldt når køane er lange, kaffimaskina er tom, og vaskemaskina har stoppa
- Ikkje spring på do når pallane med spylervæske skal berast og klargjerast for sal, men brettar opp ermene og tek det som ei treningsøkt
- Er interessert i mat og blir motivert av å steike den beste burgeren i mils omkrins
- Stiller opp på kort varsel dersom nokon har blitt sjuke, eller ved behov (og forventar det same av andre)
- Forstår at ein må vaske toalett og golv, sjølv om det ikkje alltid er favorittoppgåva
- Er glad i menneske og tar ansvar for å halde stas...