Job Description
**Om stillinga**:
**Vi har no ledig stilling som maskinpassar/maskinist i sambandet Stavanger-Byøyene-Hommersåk, om bord på hurtigbåtane MS Fjordglytt og MS Medstraum.**
Turnusen er to veker på og tre veker fri - ei ordning som gir ein god balanse mellom arbeid og, familieliv og fritid. Du kan reise heim etter endt vakt, og vi tilbyr hybelordning i arbeidsperioden dersom det er behov. Rederiet dekkjer reise til og frå arbeidsstad.
Som maskinpassar/maskinist blir du ein viktig del av brubesetninga saman med skipsførar og overstyrmann. Du får ansvar for maskineri og teknisk utstyr, og arbeidet omfattar overvaking, ettersyn, reparasjonar og vedlikehald. Det er krav om fargesyn, då du vil vere ein del av utkikkfunksjonen.
Her får du ein jobb som gir tryggleik og stabilitet, samtidig som du får ansvar, fagleg utvikling og gode kollegaer rundt deg.
**Vi ansetter fortløpende.**
**Nøkkelinformasjon**:
- Søknadsfrist:
-
- Arbeidsgivar:
- Fjord1 AS
- Stillingst...