Job Description
Sogndal kommune
**Vil du vere med å leie læringskvardagen for dei eldste elevane på barnetrinnet?**:
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
**Trudvang skule søkjer teamkoordinator for 4. og 5. trinn**
Frå 1. august 2025 har me ledig ei fast stilling for deg som har eit varmt hjarte for både fag og folk - og som vil vere med å forme framtida for både elevar og kollegaer.
**Kven er du?**
Vi tenkjer at du er lærar med solid erfaring, og at du kjenner deg heime i leiarrolla. Du trivst når du får vere tett på kvardagen i klasseromma, men har òg oversikt, retning og tryggleik i det du gjer.
Du er god på å bygge relasjonar, og du får folk med deg. Du ønskjer å bidra til utvikling, trivsel og kvalitet - og du veit at det skjer best når me speler kvarandre gode og eig arbeidet i lag.
**Kvifor skal du søke?**
Her får du vere med og leie 4. og 5. trinn ved ein stor barneskule med over 400 elevar - og med planar om å vekse til over 600 når nye Trudvang opnar.
D...